
NÅR DU ER BORTE
Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik –
Eg veit ikkje kva det er.
Før var kveldane fylte
Av susing frå vind og foss.
Nå ligg ein bortgøymd tone
Og dirrar imellom oss.
Tor Jonsson
Oppdag mer fra Rose-Maries litteratur- og filmblogg
Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.







